Rutebeskrivelse, “Protestmarsj”, 14.august 2010


Me har tre variantar av vandringa:
Alle tre alternativa har delvis same rute med felles matøkt på Selesete (hugs niste og drikke).
Der vert det appellar og kulturelle innslag.
Mål for alle er grendahuset Skogheim på Soldal kl 18.30. Her vert det høve til å kjøpa mat.


1 Lengste rute, 15 km lengde og 800 meter stigning (startar frå Sjusete kl.09.30)
For de som ynskjer ei heil dags vandring og er vane med å gå fjellturar.
Sjusete -Flyane -Nystøl -Kvannvik -Soget -Selesete (matpause, ta med niste) -Klippe -Soldalsfjellet -Hyrting -Hovland -Skogheim
Totalt  9 timar inkl. matøkter  og musikalske opplevingar.

2 Mellomvarianten, 8 km lengde og  500 meter stigning (startar frå Soget i Fitjadalen kl.13.00)
For dei som ynskjer ein god fjelltur av middels lengde.
Soget -Selesete (matpause, ta med niste) -Klippe -Soldalsfjellet -Hyrting -Hovland -Skogheim
Totalt 5,5 timar  inkl. matøkt og musikalske opplevingar.

3 Lettaste variant,  4 km lengde og 220 meter stigning (startar frå Soget i Fitjadalen kl.13.00)
Ei familievenlig rute.
Soget -Selesete (matpause, ta med niste) -Skisete -Teigland -Skogheim
Totalt 5,5 timar inkl. matøkt og kulturinnslag på Selesete.


Heile turen går langs eller nær den vedtekne  linjetraseen for 420 kV Alt 1.0/1.5.
På den lengste ruta  vil me passera åtte stølar, vandra ved foten av Torefjell,  langs Fitjadalsvatnet og til topps på Soldalsfjellet.

Me vil få fleire kulturelle opplevingar undervegs !

Løypene er varsamt merka med raude sløyfer og det er turleiarar med på alle dei tre rutealternativa.
Me  vandrar i samla flokk for å få alle med og koordinera kulturinnslaga.
Møt presis til dei ulike startpunkta !


Pakkeliste
  • Gode klær, godt fottøy
  • Matpakke
  • Drikke/Vannflaske
  • Kontant betaling



Kart 1:50 000 kartblad 1215 1 Norheimsund
Trykk her for å se trasekart, (som du kan skrive ut)
Trykk her for å se Statnett sitt interaktive kart over den planlagte kraftlinjetraseen




Fyldigare ruteskildring
Me startar kl 09.30 frå parkeringsplassen på Sjusete 306 m.o.h (Skianlegget i Kvam). Sjusete er merka både frå Norheimsund og Øystese

Så fylgjer me grusvegen forbi skihytta og  går på austsida av Sjusetevatnet. Vegen stig oppover og me tek av frå grusvegen til høgre på stien merka Krok /Torefjell  og fylgjer den opp til Forsete om lag 500 m.o.h. Etter om lag 500 meters  vandring med svak stigning i skoggrensa fylgjer me stien merka mot  Flyane. Her blir det matpause og kulturinnslag og godt oversyn over Hardangerfjorden, linjetrase og ruta vidare. Det er god sti vidare nedover til Fagrasete og vidare til Nystøl. Frå Nystøl går me ned til Kvannvik ved Fitjadalsvatnet og går sørover langs vatnet til brua som kryssar Øysteseelva.

Ved Soget 270 m.o.h  sluttar me oss til dei som vel vandring ettr alternativ 2 og 3. Ruta går opp folkestien til Selesete 497 m.o.h. Etter ei god matøkt  og kulturinnslag går me vidare over Bergesdalen (for alt. 2 og 3) før me klyv opp mot stølen Klippe 528 m.o.h. Vidare fylgjer me stien opp over tregrensa til øvste stølsvollen eller Stølshaugen og får fin utsikt over Hardanger-landskapet. Me  forlet stien og går strakt mot høgaste punktet på  Soldalsfjellet 731 m.o.h. Her får vi en storslått utsikt som med full tyngde gir oss eit godt bilde av korleis linjene vil råka Kvam. Me går nedover retning nordaust mot Lomatjørn  og kjem inn på stien mot Hyrting. Frå denne stølen ber det ned til Blomsete 461 m.o.h der me kan fylgja traktorveg ned til Hovland. Herfrå er det omlag 1 km veg ned til ungdomshuset Skogheim ved Skorsvatnet/Gullfiskvatnet.

For dei som vel alternativ 3, fylgjer me stien ned frå Selesete til Skisete. Herfrå  går me vidare ned til garden Teigland 231 m.o.h. Frå Teigland er det veg en god kilometer ned til ungdomshuset Skogheim.