Pressemelding fra Folkeaksjonen i Hardanger: "Statnett, ein stat i staten"

 

 

folkeaksjonen_logo_hvit

 

 

 

Pressemelding, 16.01.10

Statnett, ein stat i staten

Statnett legg mykje prestisje i å få luftspenn gjennom Hardanger.  Men kor går grensa for det politiske engasjementet til eit statleg selskap?

Dei 3 nye rapportane frå DNT om kraftbalansen i Bergensregionen vil få stor innverknad på klagehandsaminga i OED. Statsråd Terje Riis Johansen har alt vedgått at dette fører inn nye moment som må vurderast”Spørsmålet er om konsesjonssøkjaren, Statnett, er den rette til å gje råd vidare i denne saka” seier Jan Ivar Rødland, leiar i Folkeaksjonen i Hardanger.

Rapportane underkjenner ein del av Statnett sine resonnement og opnar samtidig for ein diskusjon om NVE si rolle. Gjennom heile konsesjonsrunden har NVE nærast ukritisk støtta Statnett sine argument.

Statnett går hardt ut i media og forenklar luftspenndiskusjonen til ”Et valg mellem kabel og klima”. ”Om krafta går i kabel eller luftspenn er uinteressant  i klimadebatten”, seier Jan Ivar Rødland. ”Sentralnettet vil også i framtida byggast som luftspenn.  Men i område med unike landskapskvalitetar, kan me ikkje forsvare desse enorme installasjonane, som mastene verkelig er”.

Statnett seier klart i frå at dei ikkje vil ha kabel i Hardanger. I desse dagar presenterer Statnett planar for 9 nye kablar under Oslofjorden. Nye kablar til DK og Storbritannia er også ein del av framtida. Jan Ivar Rødland er oppgitt over Statnett si politisering av saka. ”Det er uhaldbart at  Statnett nærast dikterer politikken til OED og statsråden. Også eit statleg selskap må forhalde seg til vanlege demokratiske spelereglar”


For meir utfyllande informasjon:

Jan Ivar Rødland          907 27 145  Leiar i «Folkeaksjonen i Hardanger» Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Klaus Rasmussen         4566 7708   Sekretær Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen


Sjå også www.stoppkraftlinja.no for alle avisartiklar i saka